Strand kyrkjelege fellesråd > Artikler > Nyheter
Grensejustering - kva er konsekvensane?
Grensejustering - kva er konsekvensane?

Nordsida av Lysefjorden blir grensejustert frå 01.01.20 og tilhøyrer frå denne datoen Strand kommune. Dette betyr at dei òg går over frå Forsand sokn til Jørpeland sokn. Nordsida av Lysefjorden har sidan kyrkja blei bygd i 1854 høyrt til Forsand kyrkje og sokna til kyrkjegarden her. Mange stiller spørsmål om korleis dette blir etter grensejusteringa. Saka er todelt. 1. Forsand kyrkjegard. 2. Forsand kyrkje.

Forsand kyrkjegard
Strand fellesråd ønskjer å legga til rette for at dei som ønskjer gravlegging på Forsand, skal få det gratis, sjølv om dei formelt sett høyrer til Strand kommune.

Forsand sokn
Medlemmar av kyrkja kan søkja dispensasjon for soknegrensene for 4 år om gongen. Søknad om å framleis høyra til i Forsand sokn kan sendast kyrkjekontoret@forsand.kommune.no eller Forsand sokn, Fossanvegen 380, 4110 Forsand. Søknaden blir sendt vidare til biskopen for godkjenning. Dispensasjonen blir gitt for 4 år om gongen. Skjema for dette finn du her:

Skjema for å søkja dispensasjon.

Dette skjemaet ligg også på www.forsand.kyrkja.no. Har du born under 15 år det skal søkjast dispensasjon for må foreldre/føresette skriva under. Dispensasjon gir fullt medlemskap i soknet. Det betyr at ein ikkje treng betala for kyrkjelege handlingar som vigsel og gravferd. Ein vil òg få invitasjonar til kyrkjelyden sitt trusopplæringsarbeid, diakoniarbeid osv. Det inneber òg stemmerett ved soknerådsvalet og at ein er valbar til soknerådet. Ein vil presisera at uansett om ein vel å søkja dispensasjon eller ikkje er ein framleis velkommen til gudstenester i Forsand kyrkja.

Ta kontakt med kyrkjekontoret på Forsand eller Jørpeland for nærare informasjon.